Påmelding (EQ Timing)
Klare for premieren
2021 var eit testarrangement, og løpet har fått mange gode tilbakemeldingar. Sluttida på 1.20.49 for beste utøvar i halvmaratonløpet viser at dette er ei rask løype. I 2022 er me attende den 27.08 med det me trur skal bli ein verkeleg løpsfestival – då også med heilmaraton som vert to rundar i løypa som du kan sjå virtuelt under.
Målsettinga er at dette skal bli ein løpsfestival både for trimmarar, joggarar og for dei som verkeleg vil testa forma si.
Klassar/Løyper
Maraton
Aldersgrense 18 år. Start: kl 10.00
Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn. Ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista Klassar: 18–19, 20–22 år. Senior: 23–34 år. Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.
Halvmaraton
Aldersgrense 16 år. Start: kl 11:00
Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn. Ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista. Klassar: 15–17, 18–19, 20–22 år. Senior: 23–34 år. Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.
5 km for deg som vil springa eller gå
Frå 10 år Start: kl 11.30
Premiering: Det er premiar til dei tre beste kvinner og menn. Ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista: 10-11,12-13, 14-15, 16–17, 18–19, 20–22 år. Senior: 23–34 år. Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.
Påmeldingsprisar Vossaton løpsfestival 27.08.22
Distanse | Innan 30.05 | Innan 25.08 | Etterpåmelding |
5km | kr 150 | kr 200 | kr 250 |
5km, 10-15 år | kr 125 | kr 150 | kr 200 |
Halvmaraton | kr 250 | kr 300 | kr 350 |
Heilmaraton | kr 250 | Kr 300 | kr 350 |
Eingongslisens/forsikring kjem i tillegg
- Kr 101-250: kr 30
- Kr 251-400: kr 40
Påmelding (EQ Timing)
Kontaktpersonar
Tore Tvilde, tlf. 90745583 – Trond Syversen, tlf. 99207188
Hovudsponsorar


